Statsministerens program veke 18
Pressemelding | Nr: 78/22 | Dato: 30.04.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 2. mai
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Id-festival i Oslo. Der skal han mellom anna halde appell. Stad: Rådhusplassen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Tysdag 3. mai
Statsministeren besøkjer Kristiansand.
Kl. 09.05: Statsministeren besøkjer bedrifter og aktørar som er knytt til havvindsatsinga i Agder, mellom andre Origo Solutions, Nekkar AS og Fremtidens Havvind. Tema er grøn industriutvikling og klyngesatsinga for havvind i Agder. Adresse: Andøya industriområde.
Kl. 11.15: Statsministeren held ei gjesteforelesing om den sikkerheitspolitiske situasjonen etter åtaket på Ukraina. Adresse: Universitetet i Agder, Campus Kristiansand. Gjesteforelesinga kan følgjast på nettsida til Universitetet i Agder.
Kl. 12.25: Statsministeren besøkjer eit ressurssenter for ukrainske flyktningar i Kristiansand kommune. Adresse: Kristian IVs gate 26.
Kl. 13.30: Statsministeren får ei orientering om prosjektet «Nye mønstre – trygg oppvekst» på Rådhuset i Kristiansand.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.
Onsdag 4. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer København i høve indisk-nordisk toppmøte. Statsministeren skal også ha bilaterale møter med statsministrane i India og Finland. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Fredag 6. mai
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på ei markering av 50-årsjubileet til Klima- og miljødepartementet på The Hub i Oslo.
Kl. 13.00: Statsministeren har eit telefonmøte med Serbias president Aleksandar Vučić.
Kl. 14.00: Statsministeren møter den kviterussiske politikaren Svetlana Tikhanovskaja på Statsministerens kontor. Det vert fotomoglegheit ved møtestart. Presse som ønskjer å ta bilete blir bedt om å møte kl. 13.30 i Glacisgata 1. Ta med gyldig pressekort og id. Påmelding til mlk@smk.dep.no innan 6. mai kl. 11.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.
Kl. 16.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter USA si spesialutsending for klima, John Kerry, til samtale i statsministerbustaden. Det vert fotomoglegheit etter møtet, om lag kl. 16.45. Presse som ønskjer å ta bilete blir bedt om å møte kl. 16.15 i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id. Påmelding til mlk@smk.dep.no innan 6. mai kl. 13.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.
Laurdag 7. mai
Kl. 12.00: Statsministeren taler på Fernanda Nissen-seminaret på Litteraturhuset i Oslo.
Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Søndag 8. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning. På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått tildelt medalje for særleg innsats, tapperheit og leiing.
H.M. Kongen og H.K.H. Kronprinsen er til stades og statsministeren taler i ein medaljeseremoni på Akershus festning frå kl. 15.00.
Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.