Statsministerens program veke 18
Pressemelding | Dato: 28.04.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 29. april
Kl. 15.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Oslo Arbeidarpartis valkampfestival på Youngstorget i Oslo.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Måndag 1. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på ulike markeringar av den internasjonale arbeidardagen i Innlandet fylke. Statsministeren besøkjer Brumunddal, Gjøvik, Lillehammer, Hamar og Tangen. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Tysdag 2. mai
Kl. 08.30: Statsministeren deltek på ein pressefrukost i samband med Arbeidarpartiets landsmøte. Stad: Kulturhuset i Oslo, Youngs gate 6. Sjå detaljar om landsmøtet på nettsidene til Arbeidarpartiet.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Pressekontakt for Arbeidarpartiet er kommunikasjonssjef Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post halvard.ingebrigtsen@arbeiderpartiet.no.
Onsdag 3. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek onsdag ettermiddag på eit toppmøte i Helsingfors med Finlands president Sauli Niinistö, Sveriges statsminister Ulf Kristersson, Danmarks statsminister Mette Frederiksen og Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir. Tema for møtet er nordisk samarbeid, aktuelle sikkerheitsspørsmål og dei nordiske landas støtte til Ukraina.
Presse må akkreditere seg seinast tysdag 2. mai kl. 09.00, sjå meir informasjon her.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no
Torsdag 4. – laurdag 6. mai
Arbeidarpartiet sitt landsmøte startar torsdag 4. mai kl. 12.00. Statsminister Jonas Gahr Støre taler til landsmøtet rett etter opninga. Det blir pressekonferanse om lag kl. 13.00.
Statsministeren taler på avslutninga av landsmøtet laurdag kl. 14.00. Det blir pressekonferansen om lag kl. 14.45.
Sjå fleire detaljar om landsmøtet på nettsidene til Arbeidarpartiet.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.