Statsministerens program veke 18

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 30. april

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Svjatlana Tsikhanowskaja til samtale i statsministerbustaden. Det vil vere mogleg for akkrediterte fotografar å arbeide ved starten av møtet. Me ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 29. april kl. 12.00.  Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate seinast kl. 08.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Etter møtet, om lag kl. 09.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 29. april kl. 12.00. For akkreditert presse er oppmøte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Kl. 11.00: Statsministeren møter The Foreign Press Association (FPA). Adresse: Klingenberggata 5, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 12.30: Norsk Folkehjelp og fleire av dei norske humanitære hjelpeorganisasjonane har invitert statsminister Jonas Gahr Støre og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim til eit møte. Dei skal mellom anna diskutere arbeidet i Midtausten og Ukraina. Fotografar kan ta bilete ved oppstart av møtet. Utviklingsministeren og møtedeltakarane vil vere tilgjengelege for pressa etter møtet. Adresse: Stortorvet 10 - inngang frå Møllergata i Oslo. Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til Kari Eliassen kariEli250@npaid.org i Norsk Folkehjelp innan måndag kl. 15.00.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg, telefon 92 21 97 69, e-post guri.solberg@mfa.no.

Onsdag 1. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek gjennom dagen på markeringar av den internasjonale arbeidardagen i Østfold fylke, og besøkjer Torsnes i Fredrikstad, Sarpsborg og Moss.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Fredag 3. mai

Kl. 10.40: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Bergen der han mellom anna deltek på eit møte med dei tillitsvalde frå Fellesforbundet avdeling 5 i Bergen. Tema er arbeidsliv og fagleg-politisk samarbeid. Fotografar kan ta bilete ved oppstart av møtet. Statsministeren og møtedeltakarane vil vere tilgjengelege for presse i etterkant av møtet. Adresse: Sjøkrigsskoleveien 14, Bergen. Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til richard.storevik@fellesforbundet.org i Fellesforbundet innan torsdag kl. 15.00.

Kl. 12.45: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Aarebrotsamtalen under Nordiske mediedagar i Grieghallen i Bergen, ein panelsamtale som skal diskutere temaet: Finst det eit nordisk «vi»?

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Veke 19

Måndag 6. mai

Kl. 20.00: Moldovas president Maia Sandu er på offisielt besøk. Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i gallamiddag på Slottet i samband med statsbesøket.

Tysdag 7. mai

Kl. 10.30: Statsministeren møter Moldovas president i statsministerbustaden. Ein fotopool kan fotografere når presidenten kjem til statsministerbustaden, og ved starten av møtet.

Oppmøte for akkrediterte fotografar (sjå lenke til UD lenger ned) i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Akkrediteringsfrist for statsbesøket er 30. april.

Kl. 11.15: Pressekonferanse med statsminister Jonas Gahr Støre og president Maia Sandu i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervolds gate 2. Pressekonferansen skjer på engelsk. Pressekonferansen kan følgjast direkte på www.regjeringa.no.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 10.45 i Riddervolds gate 2. Ta med pressekort og gyldig id.

Kl. 12.00: Statsministeren er vert for regjeringa sin lunsj for Moldovas president i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Ein fotopool av akkrediterte fotografar kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte seinast kl. 11.30 i Riddervolds gate 2.

Sjå meir om presidentbesøket i eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Veke 20

Tysdag 14. mai

Statsministeren er i Paris og deltek på Summit on Clean Cooking in Africa, som statsministeren har invitert til i lag med Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, direktøren for det internasjonale energibyrået IEA Fatih Birol og presidenten for den afrikanske utviklingsbanken Akinwumi A. Adesina. Hensikta er å mobilisere auka bistand til rein matlaging med reintbrennande kokeomnar. I dag skjer mykje av matlaginga i land i Afrika og Asia over open eld og i omnar med forureinande brensel, som mellom anna fører til alvorlege helseproblem, lokal forureining, klimautslepp og avskoging.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek også på toppmøtet.

Presse som ønskjer å dekkje toppmøtet, må akkreditere seg til press@iea.org innan 6. mai.  

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar  Ane Jørem, ane.jorem@mfa.no, telefon 97 79 62 46

Veke 23

Torsdag 6. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram er i Normandie i Frankrike for å delta på ei markering av at det er 80 år sidan D-dagen, den første dagen i den allierte invasjonen og frigjeringa av Frankrike under andre verdskrigen. Media som vil dekkje besøket må akkreditere seg her innan måndag 6. mai. (NB! Siste frist.)

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Asgeir Spange Brekke, telefon 90 02 80 61, e-post asgeir-spange.brekke@fd.dep.no.