Statsministerens program veke 19
Pressemelding | Dato: 06.05.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 8. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning. På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått tildelt medalje for særleg innsats, tapperheit og leiing.
Om lag klokka 14.35 er statsministeren og forsvarsministeren til stades ved målgang ved Veteranmonumentet i samband med sykkelturen «På hjul med veteraner». «På hjul med veteraner» er ein årleg sykkeltur 8. mai for å synleggjere og heidre dagens veteranar.
H.M. Kongen og H.K.H. Kronprinsen er til stades og statsministeren taler i ein medaljeseremoni på Akershus festning frå kl. 15.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Tysdag 9. mai
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på Industrikonferansen til Norsk Industri på Colosseum kino. Adresse: Fridtjof Nansens vei 6, Oslo.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Onsdag 10. mai
Kl. 17.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Internasjonalt Forum i Oslo Arbeiderparti. Adresse: Youngs, Youngstorget 3.
Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Torsdag 11. mai
Kl. 13.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Italias president Sergio Mattarella til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det vil vere mogleg for akkrediterte fotografar å arbeide ved starten av møtet. Fristen for akkreditering er gått ut. Oppmøte for akkrediterte fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.
Kl. 19.30: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Italia.
Fredag 12. mai
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre tek imot den kinesiske utanriksministeren Qin Gang som er på vitjing. Det vil bli kort fotomoglegheit i starten av og etter møtet, med fotopool. Media må akkreditere seg innan torsdag 11. mai kl. 1100, sjå fleire detaljar her:
Kl. 11.00: Statsministeren taler på landsmøtet til Norsk Arbeidsmandsforbund på Folkets Hus. Adresse: Youngs gate 21, Oslo. Fleire detaljar om landsmøtet.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Kl. 13.30: Statsministeren deltek under det årlege Noregsmeisterskapet i gatefotball i regi av Frelsesarmeen. Statsministeren vil også delta i ein fotballkamp mellom eit lag frå regjeringa og gatefotballens landslag. NM i gatefotball samlar om lag 500 spelarar, trenarar og støtteapparat frå heile landet. Stad: AJ Arena, Sandvika.
For spørsmål om arrangementet, kontakt Håkon Løtveit i Frelsesarmeen, mobil 45 22 22 39.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.
Veke 20
Tysdag 16. – onsdag 17. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Europarådets toppmøte i Reykjavik.
Russlands invasjon av Ukraina og tilbakeskritta for demokrati, rettsstat og menneskerettar i mange europeiske land dei siste åra vil vere blant emna på toppmøtet.
Presse som ønskjer å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard innan torsdag 11. mai på telefon 98 83 62 99 eller e-post hem@smk.dep.no.