Statsministerens program veke 19

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 4. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Arbeidarpartiets vårkampanje i Oslo sentrum.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Måndag 6. mai

Kl. 20.00: Moldovas president Maia Sandu er på offisielt besøk. Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i gallamiddag på Slottet i samband med statsbesøket.

Tysdag 7. mai

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Moldovas president i statsministerbustaden. Ein fotopool kan fotografere når presidenten kjem til statsministerbustaden, og ved starten av møtet.

Oppmøte for akkrediterte fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Akkrediteringsfristen for statsbesøket er gått ut.

Kl. 11.15: Pressekonferanse med statsminister Jonas Gahr Støre og president Maia Sandu i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervolds gate 2. Pressekonferansen skjer på engelsk. Pressekonferansen kan følgjast direkte på www.regjeringa.no.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 10.45 i Riddervolds gate 2. Ta med pressekort og gyldig id.

Kl. 12.00: Statsministeren er vert for regjeringa sin lunsj for Moldovas president i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Ein fotopool av akkrediterte fotografar kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte seinast kl. 11.30 i Riddervolds gate 2.

Sjå meir om presidentbesøket i eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på årskonferansen til Norsk Industri på Colosseum kino i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Onsdag 8. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag.

H.K.H. Kronprinsen er til stades og statsministeren taler i ein medaljeseremoni på Akershus festning frå kl. 15.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Veke 20

Måndag 13. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stockholm på nordisk statsministermøte, der Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz også deltek. Presse som ønskjer å dekkje møtet, må akkreditere seg innan 8. mai til det svenske Regeringskansliet på denne lenka.

 

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.  

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Tysdag 14. mai

Statsministeren er i Paris og deltek på Summit on Clean Cooking in Africa, som statsministeren har invitert til i lag med Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, direktøren for det internasjonale energibyrået IEA Fatih Birol og presidenten for den afrikanske utviklingsbanken Akinwumi A. Adesina. Hensikta er å mobilisere auka bistand til rein matlaging med reintbrennande kokeomnar. I dag skjer mykje av matlaginga i land i Afrika og Asia over open eld og i omnar med forureinande brensel, som mellom anna fører til alvorlege helseproblem, lokal forureining, klimautslepp og avskoging.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek også på toppmøtet.

Presse som ønskjer å dekkje toppmøtet, må akkreditere seg til press@iea.org innan 6. mai.  

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar  Ane Jørem, ane.jorem@mfa.no, telefon 97 79 62 46

Tysdag 14. og onsdag 15. mai

Etter invitasjon frå Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja besøkjer Hans Majestet Kong Frederik og Hennar Majestet Dronning Mary Noreg 14. og 15. mai 2024.

Onsdag 15. mai

Kl. 12.20: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Danmarks kongepar i Forsvarssjefens bustad på Akershus festning. Akkrediterte fotografar kan fotografere når kongeparet kjem og ein fotopool kan fotografere før møtet. Oppmøte for akkrediterte fotografar seinast kl. 11.50.

Kl. 13.00 er statsministeren vert for regjeringa sin lunsj for Danmark sitt kongepar på Akershus slott. Det er fotomoglegheit ved ankomst for akkrediterte fotografar og ein fotopool kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte seinast kl. 12.30.

Akkrediteringsfrist er måndag 6. mai. Ta kontakt med Lise Tønnesland Børresen, telefon 94 83 09 10, e-post lise.gertrud.tonnesland.borresen@mfa.no i UD sin besøksseksjon for akkreditering og praktisk informasjon.

Sjå eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Veke 23

Torsdag 6. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram er i Normandie i Frankrike for å delta på ei markering av at det er 80 år sidan D-dagen, den første dagen i den allierte invasjonen og frigjeringa av Frankrike under andre verdskrigen. Media som vil dekkje besøket må akkreditere seg her innan måndag 6. mai. (NB! Siste frist.)

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Asgeir Spange Brekke, telefon 90 02 80 61, e-post asgeir-spange.brekke@fd.dep.no.