Statsministerens program veke 20

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 15. mai

Kl. 12.20: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av den utsleppsfrie gipsplatefabrikken til Gyproc i Fredrikstad.

Oppmøte for pressa kl.11.45, arrangementet startar kl. 12.00.
Adresse: Habornveien 59, Gamle Fredrikstad.

Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Alvimhaugen SFO i Sarpsborg der han mellom anna skal ha ei lesestund. Adresse: Utsiktsveien 35, Sarpsborg.

Kl. 15.15: Statsministeren besøkjer Norske Skog Saugbrugs i Halden. Tema for besøket er grøn industri. Statsministeren møter også Zero.

Oppmøte for presse seinast kl. 14.40 for registrering og utdeling av verneutstyr. Adresse: Tistedalsgata 9-11, Halden.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post cp@smk.dep.no.

Tysdag 16. – onsdag 17. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Europarådets toppmøte i Reykjavik.

Russlands invasjon av Ukraina og tilbakeskritta for demokrati, rettsstat og menneskerettar i mange europeiske land dei siste åra vil vere blant emna på toppmøtet.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Veke 22

Torsdag 1. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøte i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Bulboaca i Moldova. EPC er eit forum for politisk dialog i Europa med 47 land, både i og utanfor EU. Tema for møtet er krigen i Ukraina, og verknaden krigen har for nabolanda og resten av Europa. Presse som vil dekke toppmøtet, må akkreditere seg innan 18. mai på www.accreditation.epcsummit2023.md

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.