Statsministerens program veke 20

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 13. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stockholm på nordisk statsministermøte, der Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz også deltek.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Pressekonferansen kl. 17.55 blir direktesendt på regeringen.se/gov.se Akkrediteringsfristen er gått ut.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Tysdag 14. mai

Statsministeren er i Paris og deltek mellom anna på Summit on Clean Cooking in Africa, som statsministeren har invitert til i lag med Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, direktøren for det internasjonale energibyrået IEA Fatih Birol og presidenten for den afrikanske utviklingsbanken Akinwumi A. Adesina. Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek også på toppmøtet. Akkreditering til press@iea.org.

Statsministeren skal også ha eit lunsjmøte med Frankrikes statsminister Gabriel Attal, eit fellesmøte med president Emmanuel Macron i lag med dei andre høgnivådeltakarane på møtet om rein matlaging, og halde gjesteførelesing på Sciences Po der han sjølv var student.

Program

Kl. 10.30: Opning av toppmøtet om rein matlaging.
Adresse: Unesco, 125 avenue de Suffren (Fontenoy Site)

Kl. 13.00: Lunsj med statsminister Gabriel Attal og europaminister Jean-Noël Barrot
Adresse: Hotel Matignon, 57 rue de Varenne
Fotomoglegheit ved starten av møtet.

Kl. 16.30: Fellesmøte med president Emmanuel Macron og høgnivå-deltakarane på møtet om rein matlaging
Adresse: Elyséepalasset, 55 Rue du Faubourg Saint-Honoré

Kl. 18.00: Foredrag og samtale med studentar på Sciences Po.
Adresse: 27 rue Saint Guillaume

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Jørem, ane.jorem@mfa.no, telefon 97 79 62 46

Onsdag 15. mai

Etter invitasjon frå Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja besøkjer Hans Majestet Kong Frederik og Hennar Majestet Dronning Mary Noreg 14. og 15. mai 2024.

Kl. 12.20: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Danmarks kongepar i Forsvarssjefens bustad på Akershus festning. Akkrediterte fotografar kan fotografere når kongeparet kjem og ein fotopool kan fotografere før møtet. Oppmøte for akkrediterte fotografar seinast kl. 11.50.

Kl. 13.00 er statsministeren vert for regjeringa sin lunsj for Danmark sitt kongepar på Akershus slott. Det er fotomoglegheit ved ankomst for akkrediterte fotografar og ein fotopool kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte seinast kl. 12.30.

Akkrediteringsfristen er gått ut. Ta kontakt med Lise Tønnesland Børresen, telefon 94 83 09 10, e-post lise.gertrud.tonnesland.borresen@mfa.no i UD sin besøksseksjon for praktisk informasjon.

Sjå eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Kl. 17.00: Statsministeren besøkjer jobbsenteret for unge i bydel Stovner. Statsministeren vil få ei omvising på senteret og sjå korleis det bidrar til unges yrkesutvikling. Omvisarar vil vere bydelens unge ambassadørar.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren besøkjer Stovner Arbeidarparti. Stad: Stovner vidaregåande skole.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.