Statsministerens program veke 21
Pressemelding | Nr: 87/22 | Dato: 20.05.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 23. mai
Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet.
Pressekontakt er statssekretær Tale Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.
Tysdag 24. mai
Kl. 12.00: Statsministeren opnar Renevo sitt biogassanlegg på Eldøyane industriområde på Stord.
Kl. 13.00: Statsministeren taler på eit seminar om grøn energi i Sunnhordaland. Adresse: Stord hotell, Kjøtteinsvegen 67.
Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Stord ungdomsskule, der han mellom anna skal møte flyktningar frå Ukraina. Adresse: Vikahaugane.
Kl. 19.00: Statsministeren besøkjer Studentersamfunnet i Bergen, der han skal halde Grungførelesinga 2022. Tema for førelesinga er: Noreg og verda, før og etter Ukrainakrigen. Adresse: Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres gate 49.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Onsdag 25. mai
Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Ortun skole, avdeling Lynghaugparken, der det nå går 300 ukrainske barn frå 1. til 10. trinn. Adresse: Dag Hammerskjølds vei 7, Bergen.
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på opninga av dei 70. Festspela i Bergen. Opningsseremonien går føre seg på Torgallmenningen og kan følgjast digitalt.
Kl. 16.30: Statsministeren møter ein ukrainsk flyktning som har fått jobb på Kjøttbasaren i Bergen. Adresse: Bien Basar, Vertlidsallmenningen 2.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.