Statsministerens program veke 22

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 28. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Møre og Romsdal. Han skal mellom anna delta i ei lesestund på Sellanrå skole i Molde, og få ei omvising på bedrifta Oshaug Metall, også i Molde.

På Sunndalsøra skal han treffe Sunndal ungdomsråd, besøkje Hydro Aluminium og halde innleiing på eit folkemøte i Sunndal folkebibliotek. Presse som vil vere med på besøket på Hydro, må melde seg på jens.christian.boysen@hydro.com innan måndag 27. mai kl. 16.00.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Onsdag 29. mai

Kl. 15.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Statkraftkonferansen på Skur 13 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Torsdag 30. mai

Kl. 19.20: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Oslo Bislett Games 2024.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Laurdag 1. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Moster i samband med tusenårsjubileet for kristenretten, der han mellom anna skal opne ein ny sti på Vetahaugen, tale på jubileumsframsyninga og delta på festmiddagen. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.