Statsministerens program veke 23
Pressemelding | Dato: 31.05.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 1. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Moster i samband med tusenårsjubileet for kristenretten, der han mellom anna skal opne ein ny sti på Vetahaugen, tale på jubileumsframsyninga og delta på festmiddagen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Torsdag 6. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram er i Normandie i Frankrike for å delta på ei markering av at det er 80 år sidan D-dagen, den første dagen i den allierte invasjonen og frigjeringa av Frankrike under andre verdskrigen.
Fristen for akkreditering er gått ut.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Asgeir Spange Brekke, telefon 90 02 80 61, e-post asgeir-spange.brekke@fd.dep.no.
Veke 28
Tysdag 9. – torsdag 11. juli
Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek på Nato sitt toppmøte i Washington DC og på markeringa av at det er 75 år sidan Nato blei grunnlagd.
Presse må akkreditere seg innan 21. juni, men helst i god tid fordi det er avgrensa plassar for presse. Vi ber om at presse som vil vere med til Washington DC i tillegg melder frå til anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.
Meir praktisk informasjon til media som skal dekke møtet finn du her.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Lunde, telefon +47 97 67 12 50, e-post ane.haavardsdatter.lunde@mfa.no.
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.