Statsministerens program veke 24
Pressemelding | Dato: 09.06.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 12. juni
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på Statkraftkonferansen på Nasjonalmuseet i Oslo. Sjå fleire detaljar om konferansen og direkteoverføring på nettsidene til Statkraft.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Tysdag 13. juni
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av Oslo Forum på Losby Gods. Adresse: Losbyveien 270, Finstadjordet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post cp@smk.dep.no.
Onsdag 14. juni
Kl. 12.30: Statsministeren taler på årsmøtet til Norges Bondelag. Sjå fleire detaljar om årsmøtet på nettsidene til Norges Bondelag.
Medier som ønskjer å dekke årsmøtet må kontakte kommunikasjonssjef i Norges Bondelag, Lise Christina Boeck Jakobsen, telefon 97 59 98 66.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Veke 25
Fredag 23. juni
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før sommaren, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan onsdag 21. juni.
Ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Veke 28
Måndag 10.–onsdag 12. juli
Statsministeren besøker dei norske styrkane i Litauen og deltek på Nato-toppmøte i Vilnius. Utanriksminister Anniken Huitfeldt og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek også på Nato-toppmøtet.
Medieakkrediteringa til Nato-toppmøtet er open. Presse må akkreditere seg via https://my.hq.nato.int/ innan 25. juni. Vi ber om at presse som vil vere med til Litauen melder frå til smkinfo@smk.dep.no.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksminister Anniken Huitfeldt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon +47 99 52 20 26, e-post Marte.Lerberg.Kopstad@mfa.no.
Pressekontakt for forsvarsminister Bjørn Arild Gram er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.