Statsministerens program veke 24

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Grenland i Telemark, og vil vere tilgjengeleg for presse på dei ulike postane.

Kl. 09.30: Statsministeren besøkjer Industriuka i Kulturhuset Ælvespeilet. Statsministeren held tale og deltek i ei panelsamtale. Adresse: Storgata 164, Porsgrunn.

Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer Moflata barneskole. Tema for besøket er leselyst og skoleboksatsing. Adresse: Moflatvegen 32, Skien.

Kl. 14.30: Statsministeren opnar det fornybare hydrogenanlegget til Yara på Herøya, og vil først få ei omvising. Adresse: Hydrovegen 55, Porsgrunn. Grunna restriksjonar på industrianlegget må presse som ønskjer tilgang melde seg til Yara på førehand. Kontaktperson i Yara, presseansvarleg Tonje Næss, telefon 40 84 46 47, e-post tonje.nass@yara.com.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Tysdag 11. juni

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Oslo Forum. Sjå fleire detaljar og overføring av opninga i eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet. Adresse: Losby gods, Losbyveien 270, Finstadjordet.

I samband med Oslo Forum skal statsministeren ha et møte med Somalias president Hassan Sheikh Mohamud på Losby Gods.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Laurdag 15. og søndag 16. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Summit of Peace in Ukraine i Sveits. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Veke 25

Tysdag 18. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien i Oslo tysdag 18. juni kl. 11. Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 10.30.

Presse som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan søndag 16. juni.

Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Veke 28

Tysdag 9. – torsdag 11. juli

Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek på Nato sitt toppmøte i Washington DC og på markeringa av at det er 75 år sidan Nato blei grunnlagd.

Presse må akkreditere seg innan 21. juni, men helst i god tid fordi det er avgrensa plassar for presse. Vi ber om at presse som vil vere med til Washington DC i tillegg melder frå til anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.

Meir praktisk informasjon til media som skal dekke møtet finn du her.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post anne-kristin.hjukse@smk.dep.no

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Lunde, telefon +47 97 67 12 50, e-post ane.haavardsdatter.lunde@mfa.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.