Statsministerens program veke 25
Pressemelding | Dato: 14.06.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 15. og søndag 16. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Summit of Peace in Ukraine i Sveits. Fristen for akkreditering er gått ut.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Måndag 17. juni
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades i gravferda til Arne Olav Brundtland i Bygdøy kirke i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.
Tysdag 18. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien i Oslo tysdag 18. juni kl. 11. Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 10.30.
Presse som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan søndag 16. juni.
Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Kl. 15.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.
Onsdag 19. og torsdag 20. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre har invitert Sveriges statsminister Ulf Kristersson og Finlands president Alexander Stubb til Bodø. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon +47 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon +47 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Fredag 21. juni
Kl. 08.30: Statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery inviterer til frukostmøte om inkludering av skeive i idretten. Stad: Statsministerbustaden, Inkognitogata 18.
Det blir moglegheit for foto ved starten av møtet og moglegheit for kommentarar i etterkant. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan torsdag 20. juni klokka 12.00.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for kultur- og likestillingsministeren er Wenche Stadven Nybo, telefon 91 62 51 86, e-post wenche-stadven.nybo@kud.dep.no.
Veke 28
Tysdag 9. – torsdag 11. juli
Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek på Nato sitt toppmøte i Washington DC og på markeringa av at det er 75 år sidan Nato blei grunnlagd.
Presse må akkreditere seg innan 21. juni, men helst i god tid fordi det er avgrensa plassar for presse. Vi ber om at presse som vil vere med til Washington DC i tillegg melder frå til anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.
Meir praktisk informasjon til media som skal dekke møtet finn du her.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Lunde, telefon +47 97 67 12 50, e-post ane.haavardsdatter.lunde@mfa.no.
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.
Veke 29
Torsdag 18. juli
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske fellesskapet (EPC) på Blenheim Palace i Storbritannia.
EPC blei etablert i 2022 og er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. Forumet består primært av stats- og regjeringssjefar og møtast halvårleg for å drøfte politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål i ein brei europeisk samanheng.
Presse som er interessert i å vere med kan ta kontakt med SMK ved smkinfo@smk.dep.no for akkrediteringsskjema så raskt som råd og seinast innan måndag 24. juni.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.