Statsministerens program veke 28, 29 og 32
Pressemelding | Dato: 20.06.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Veke 28
Tysdag 9. – torsdag 11. juli
Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek på Nato sitt toppmøte i Washington DC og på markeringa av at det er 75 år sidan Nato blei grunnlagd.
Presse må akkreditere seg innan 21. juni, men helst i god tid fordi det er avgrensa plassar for presse. Vi ber om at presse som vil vere med til Washington DC i tillegg melder frå til anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.
Meir praktisk informasjon til media som skal dekke møtet finn du her.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post anne-kristin.hjukse@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Lunde, telefon +47 97 67 12 50, e-post ane.haavardsdatter.lunde@mfa.no.
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.
Veke 29
Torsdag 18. juli
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske fellesskapet (EPC) på Blenheim Palace i Storbritannia.
EPC blei etablert i 2022 og er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. Forumet består primært av stats- og regjeringssjefar og møtast halvårleg for å drøfte politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål i ein brei europeisk samanheng.
Presse som er interessert i å vere med kan ta kontakt med SMK ved smkinfo@smk.dep.no for akkrediteringsskjema så raskt som råd og seinast innan måndag 24. juni.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Veke 32
Fredag 9. – søndag 11. august
Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades under OL i Paris.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.