Statsministerens program veke 3

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 15. januar

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Rogaland

Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på Solamøtet i Rogaland. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 10.30. Adresse: Utsolaarmen 16, Sola.

Kl. 11.40: Statsministeren og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun besøkjer Rennesøy ungdomsskule. Tema er lesing i alle fag og mobilbruk i skulen. Rennesøy skule brukar trykte lærebøker og jobbar aktivt med å forbetre leseferdigheitene til elevane. Skulen har vore mobilfri sidan 2015. Adresse: Håvasteinveien 105, Rennesøy

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Hydro Karmøy og får ei omvising på fabrikken og eit møte med tilsette og lærlingar. Tema for besøket er grøn omstilling og bruk av lærlingar i arbeidslivet. Ver merksam på at det er sterkt magnetfelt i elektrolysehallane.

Fristen for påmelding er gått ut. 

Vi gjer merksam på at det kan vere fotorestriksjonar i nokre av områda. Oppmøte for presse seinast kl. 14.00 for registrering og utdeling av verneutstyr. Adresse: Hydrovegen 160, Håvik.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på møte med Karmøy Ap og styreleiarane i Haugesund, Tysvær, Sveio, Bokn og Vindafjord. Adresse: Karmøy rådhus, Statsråd Vinjes gate 25, Kopervik.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, telefon 95 93 64 85, e-post: ajf@kd.dep.no.

Torsdag 18. januar

Kl. 20.45: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på møte i Arbeidarpartiet på Trondenes historiske senter i Harstad. Adresse: Trondenesveien 122.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Fredag 19. januar

Kl. 08.25: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av Harstadkonferansen, og deltek i ei panelsamtale. Adresse: Nordic Hall, Håkonsgate 7, Harstad.

Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Camp Akkasæter i Målselv. Akkasæter er ein ny teltleir som er bygd for å huse allierte soldatar som kjem til Noreg for å drive vintertrening.

Presse som ønskjer å delta på Akkasæter bes kontakte kommunikasjonsrådgivar Trond Øvstedal i Forsvarsdepartementet innan onsdag 17. januar på e-post trond.ovstedal@fd.dep.no eller telefon 97 52 95 56.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.