Statsministerens program veke 33
Pressemelding | Dato: 09.08.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Fredag 9. – laurdag 10. august
Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades under OL i Paris.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Måndag 12. august
Kl. 15.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av studieåret ved Universitetet i Oslo. Adresse: Universitetsplassen, Karl Johansgate 47.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.
Tysdag 13. – torsdag 15. august
Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Arendalsveka.
Tysdag kl. 16.30 deltek statsministeren på opninga av Hammeren på Næs Jernverksmuseum. Adresse: Jacob Aalls vei 10, Nesverkveien 240, 4934 Nes Verk.
Tysdag kl. 18.00 deltek statsministeren i DN-samtalen med Harald Eia. Adresse: DN-teltet i Arendal.
Torsdag kveld deltek statsministeren i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.
Fredag 16. august
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Morrow batterifabrikk i Arendal, og får ei omvising på fabrikken. Presse som ynskjer å delta på opninga, må registrere seg her. Kontaktperson er Mette Morseth Ottesen, mette.morseth.ottesen@morrowbatteries.com. Adresse: Kristian Birkelands Trase, Arendal.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.