Statsministerens program veke 34
Pressemelding | Dato: 19.08.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Søndag 20. august
Kl. 13.10: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i ei mottaking for Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfund. Adresse: Bergstien 13, Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Måndag 21. august
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna er til stades på første skuledag på Vestli skole. Adresse: Vestlisvingen 184, Oslo.
Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Kl. 20.00: Statsministeren deltek på digitalt sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Tysdag 22. august
Kl. 16.00: Statsminister Jonas Gahr Støre innleiar på eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er sysselsetting av ukrainske flyktningar.
Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1, og pressa har tilgang i den første delen.
Kl. 16.00: Statsministeren held innleiing
Kl. 16.05: Ein eller fleire ukrainske flyktningar og deira arbeidsgjevarar fortel om korleis dei kom i jobb og kva for utfordringar dei møtte. Pressa kan vere til stades på denne delen av møtet.
Kl. 16.20: Pause, statsministeren og andre møtedeltakarar er tilgjengelege for intervju i venteområdet utanfor møterommet.
Kl. 16.40: Møtet held fram utan presse til stades.
Kl. 17.45: Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen er tilgjengeleg for pressa i venterområdet utanfor møterommet.
På møtet vil arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen legge fram ein rapport om arbeidet med å få ukrainske flyktningar ut i jobb. Denne rapporten vil bli tilgjengeleg for pressa.
Oppmøte for presse som vil vere med på første delen av møtet seinast kl. 15.30. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag 22. august kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID.
For dei som vil delta på pressetreff etter møtet, ca. kl. 17.45, er det oppmøte seinast kl. 17.15. Det er høve til å vente i foajeen på SMK for dei som har vore med på første del av møtet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Onsdag 23. august
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av havvindparken Hywind Tampen. Opninga av verdas største flytande havvindpark skjer på Gullfaks C-plattformen i Nordsjøen.
Pressekontakt er Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Fredag 25. august
Kl. 18.30: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Kronprinsparet sitt 50-årslag i bakgarden på Slottet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Veke 38
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 78. generalforsamlinga i FN, UNGA. Høgnivåveka varer frå måndag 18. september til fredag 22. september.
Frå regjeringa deltek også utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Mediafolk som har gyldig akkreditering frå før, vil få tilgang til FNs område. Andre mediafolk bør snarast og seinast innan fredag 24. august ta kontakt med den norske FN-delegasjonen for meir informasjon om akkreditering.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
--
Oppdatert 22. august kl. 09.00 - lagt til tysdag 23. august: Hywind Tampen.