Statsministerens program veke 34

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 19. august

Kl. 08.50: Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er til stades på første skuledag på Brynseng skole. Det vil bli høve til intervju med statsminister, kunnskapsminister, elevar, foreldre og tilsette. Adresse: Brynsengfaret 10, Oslo.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, telefon 95 93 64 85, e-post ajf@kd.dep.no.

Tysdag 20. august

Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar Livabygget, eit nybygg ved Førde sentralsjukehus. Statsministeren får ei omvising, og møter leiinga og tilsette ved sjukehuset. Adresse: Svanehaugvegen 2, Førde.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Westcon Yards i Florø. Tema for besøket er inkludering på arbeidsplassen. Han møter tilsette, leiinga i Westcon Yards Florø og Nav Sunnfjord. Statsministeren får også ei omvising. Adresse: Ole Aaserudgata 7, Florø.

Kl. 15.15: Statsministeren opnar naturreservatet på Svanøy i Kinn kommune. Adresse: Svanøy.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Torsdag 22. august

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.