Statsministerens program veke 35

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 28. august
Kl. 11.15: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Sveriges statsminister Magdalena Andersson i statsministerbustaden Sagerska palasset i Stockholm. Agenda for møtet er mellom anna energi og Ukraina. Etter møtet, om lag kl. 11.45, vil dei to statsministrane vere tilgjengelege for pressa. Les meir om presseprogrammet på regeringen.se.

Norsk presse som ønskjer å dekke besøket blir beden om å melde sin interesse til ksg@smk.dep.no med nina.kefi@regeringskansliet.se i kopi innan laurdag 27. august kl. 12.00. Hugs gyldig ID.

Kontaktperson for statsminister Støre er statssekretær Astrid Huitfeldt, telefon +47 97 58 32 77, e-post ahu@smk.dep.no.

Måndag 29. august
Statsministeren er i Stavanger og deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum. I samband med ONS har han også eit møte med Belgias statsminister Alexander De Croo. Seinare på kvelden skal han opne Skeivå Rogaland Pride.

Program

Kl. 10.20

Samtale med studentar i regi av ONS Young om dei unges rolle i det grøne skiftet. Stad: Scene 3, DNB Arena 2. etasje.

Kl. 11.00

Opning av ONS. Statsministeren held innlegg.

Kl. 13.20

Offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune.

Kl. 14.50

 

Omvising på utstillingsområdet, besøk til fleire bedrifter. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa

Kl. 15.45

 

 

Kl. 16.25

Bilateralt møte med Belgias statsminister Alexander De Croo. Fotoopsjon ved byrjinga av møtet.

Stad: Møterom Confidence

Støre og De Croo har eit møte med norske og belgiske industri- og energiaktørar.

Fotoopsjon ved byrjinga av møtet.

Stad: Møterom Share 2

Kl. 17.00

Støre og De Croo er tilgjengelege for pressa. Stad: Hall 10, DNB Arena, 3. etasje – ved sidan av pressesenteret i Clarion Energy.

Kl. 17.45

Statsministeren deltek i ein samtale om framtida til Noreg som energinasjon, med LO-leiar Peggy Hessen Følsvik, NHO-leiar Ole Erik Almlid og Høgre-leiar Erna Solberg. Arrangementet er i regi av ONS, LO og NHO i Rogaland. Stad: Teltet «Kristiansundpaviljongen» i Vågen i Stavanger sentrum. Arrangementet er opent for alle.

Kl. 18.45

Statsministeren opnar Skeivå Rogaland Pride. Stad: Maskinhallen, Tou Scene.

 

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Onsdag 31. august og torsdag 1. september
Regjeringa møtest til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor.

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum er tilgjengelege for pressa før konferansen, onsdag 31. august om lag kl. 08.40.

Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.

Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 onsdag 31. august frå kl. 08.00 og innan kl. 08.30.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Søndag 4. september
Kl. 10.45: Statsministeren deltek på opninga av Friluftlivets uke på Sognsvann i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Pressekontakt for Norsk friluftsliv er Linn Elise Jakhelln, telefon 452 13 472, e-post linn.elise.jakhelln@norskfriluftsliv.no.

Veke 38

Måndag 19. september
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 77. generalforsamlinga i FN, UNGA. Generalforsamlinga varer frå måndag 19. september til fredag 23. september. Frå regjeringa deltek også utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Sjå meir informasjon om UNGA her.

FN har i år begrensa adgang på grunn av korona-pandemien. Mediafolk som har gyldig akkreditering frå før, vil få tilgang til FNs område. Andre mediafolk bør snarast og seinast innan fredag 2. september ta kontakt med den norske FN-delegasjonen for meir informasjon om akkreditering.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.