Statsministerens program veke 35
Pressemelding | Dato: 23.08.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 26. august
I samband med opninga av Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger talar statsministeren, og deltek i ei panelsamtale. Seinare deltek han på offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune, før han besøkjer Universitetet i Stavanger. Her held han ei gjesteførelesing. Statsministeren deltek også i ei panelsamtale i regi av NHO, LO og ONS om beredskap, sikkerheit og norsk næringsliv.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Tysdag 27. og onsdag 28. august
Regjeringa møtest til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor.
Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum er tilgjengelege for pressa før konferansen, tysdag 27. august om lag kl. 08.40. Presse som ønsker å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan måndag 26. august kl. 14.00.
Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.
Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 tysdag 27. august frå kl. 08.00 og innan kl. 08.30.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for finansministeren er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@fin.dep.no.
Torsdag 29. august
Kl. 12.30: Statsministeren har invitert ulike etatar og organisasjonar innan maritim næring til dialogmøte om maritim sikkerheit og beredskap i ei skjerpa sikkerheitspolitisk tid. Fiskeri- og havministeren, forsvarsministeren og en statssekretær fra Justis- og beredskapsdepartementet er vertskap saman med statsministeren.
Presse som ønskjer kan ta foto ved møtets start og vera til stades under statsministerens innleiing. Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 12.00.
Statsministeren og fiskeri- og havministeren er tilgjengelege for pressa rett etter at møtet er ferdig, om lag kl. 14.30.
Presse som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan torsdag kl. 09.00.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Veke 36
Måndag 2. september
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på ein konferanse om EØS og den indre marknaden på Oslo Kongressenter måndag 2. september mellom kl. 10.30 og kl. 12.30.
På seminaret, organisert av UD, i samarbeid med NFD, LO og NHO, møter statsministeren den tidlegare italienske statsministeren, Enrico Letta, leiar av EØS-utvalet Line Eldring, LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid til samtalar om Noreg si rolle i eit Europa i endring.
Det vil bli høve til intervju med statsministeren i etterkant av konferansen.
Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på her innan fredag 30. august. Vi ber om at interesserte i tillegg gir beskjed til kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.
Veke 37
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Kina for å ha politiske møter. Han vil også møte norsk og kinesisk næringsliv i Beijing og Shanghai saman med ein næringslivsdelegasjon frå Noreg. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Veke 39
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 79. generalforsamlinga i FN i New York. Høgnivåveka varer frå måndag 23. september til fredag 27. september.
Frå regjeringa deltek også utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og konstituert klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Sjå eiga pressemelding for detaljar om akkreditering.
Pressekontakt er for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.
Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mariken Bruusgaard Harbitz, telefon 99 09 35 38, e-post mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonssjef Martine Røiseland, telefon 97 05 50 24, e-post martine.roiseland@kld.dep.no.