Statsministerens program veke 36
Pressemelding | Dato: 02.09.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Søndag 4. september
Kl. 10.35: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Friluftslivets veke på Sognsvann i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for Norsk friluftsliv er Linn Elise Jakhelln, telefon 452 13 472, e-post linn.elise.jakhelln@norskfriluftsliv.no.
Måndag 5. september
Kl. 10.45: Statsministeren har telefonmøte med Kroatias statsminister Andrej Plenković.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet. Stad: Partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Tale Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.
Tysdag 6. september
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Innlandet.
Kl. 09.30: Statsministeren besøkjer Hadeland videregående skole der dei mellom anna jobbar med å forhindre fråfall. Statsministeren møter elevar og tilsette og får orientering om samarbeidet mellom NAV Hadeland, Karrieresenteret og skulen. Stad: Skolelia 3, 2750 Gran.
Kl. 12.15: Statsministeren får orienteringar og omvising i verksemda Hexagon Ragasco som produserer komposittbehaldarar som dei eksporterer. Presse som ønskjer å dekkje dette besøket må akkreditere seg til: sss@ragasco.com innan måndag 5.9 kl. 10.00.
Stad: Raufoss industripark B 306, Grøndalsvegen 2, 2831 Raufoss.
Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer IT-verksemda Ikomm. NAV Lillehammer-Gausdal og Ikomm samarbeider for å få folk i arbeid. Stad: Ikomm, Vormstuguvegen 40, 2624 Lillehammer.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 68 81, e-post hhm@smk.dep.no.