Statsministerens program veke 36
Pressemelding | Dato: 30.08.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 2. september
Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på ein konferanse om EØS og den indre marknaden på Oslo Kongressenter.
På seminaret, organisert av UD, i samarbeid med NFD, LO og NHO, møter statsministeren den tidlegare italienske statsministeren, Enrico Letta, leiar av EØS-utvalet Line Eldring, LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid til samtalar om Noreg si rolle i eit Europa i endring.
Det vil bli høve til intervju med statsministeren i etterkant av konferansen.
Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på her innan laurdag 31. august. Vi ber om at interesserte i tillegg gir beskjed til kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Tysdag 3. september
Kl. 12.15: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås, der han held ei gjesteførelesing for studentar og tilsette.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.
Kl. 19.00: Emiren av Qatar, Tamim bin Hamad al Thani, er på offisielt besøk i Noreg. Statsminister Jonas Gahr Støre er vert for regjeringa sin middag for Emiren på Holmenkollen Restaurant. Det vil vere mogleg for fotografar å jobbe ved ankomst ute.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.
Onsdag 4. september
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar Kavlipris-seminaret i Universitetets aula på Karl Johan i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Kl. 12.30: Statsministeren møter Emiren av Qatar, Tamim bin Hamad al Thani, til samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Presse som ønskjer kan ta foto ved ankomst/starten av møtet.
Fotografar som ønskjer å vere til stades må melde seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 4. september kl. 10.00. Oppmøte seinast kl. 12.00 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.
Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 13.45. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan onsdag 4. september kl. 10.00. Oppmøte seinast kl. 13.15 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.
Torsdag 5. september
Kl. 19.30: Statsminister Jonas Gahr Støre er vertskap for ein middag for Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det blir fotomoglegheit ved starten av middagen. Fotografar som vil vere til stades må gi beskjed til rvi@smk.dep.no innan onsdag 4. september. Oppmøte utanfor Riddervoldsgate 2 seinast 19.00. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Fredag 6. september
Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i statsministerbustaden. Det blir fotomoglegheit ved starten av møtet.
Fotografar som ønsker å vere til stades må melde seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 4. september. Oppmøte seinast kl. 09.00. Ta med pressekort og gyldig id.
Etter møtet, om lag kl. 10.00, blir det pressekonferanse med statsministeren og generalsekretæren i presserommet i Riddervoldsgate 2.
Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan onsdag 4. september. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Laurdag 7. september
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar Mortensrudfestivalen på Mortensrud i Oslo.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Veke 37
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Kina for å ha politiske møter. Han vil også møte norsk og kinesisk næringsliv i Beijing og Shanghai saman med ein næringslivsdelegasjon frå Noreg. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Veke 39
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 79. generalforsamlinga i FN i New York. Høgnivåveka varer frå måndag 23. september til fredag 27. september.
Frå regjeringa deltek også utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og konstituert klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Sjå eiga pressemelding for detaljar om akkreditering.
Pressekontakt er for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.
Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mariken Bruusgaard Harbitz, telefon 99 09 35 38, e-post mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonssjef Martine Røiseland, telefon 97 05 50 24, e-post martine.roiseland@kld.dep.no.