Statsministerens program veke 37 og 38
Pressemelding | Dato: 09.09.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Fredag 9. september
Statsminister Jonas Gahr Støre signerer kondolanseprotokollen i samband med dronning Elizabeth II sin død. Signeringa skjer på den britiske ambassaden i Oslo om lag kl. 16.30. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa utanfor ambassaden i etterkant av signeringa.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.
Laurdag 10. september
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i regnbogetoget og solidaritetsmarkeringa som vert arrangert av Oslo Pride i Oslo. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Tysdag 13. september
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på landsstyremøte i Arbeiderpartiet, og taler om lag kl. 11.10. Det vert pressekonferanse om lag kl. 11.50.
Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.
Onsdag 14. september
Kl. 11.45: Statsministeren deltek på ein partileiardebatt på kommunalkonferansen til LO kommune. Stad: Clarion Hotel & Congress Airport Gardermoen.
Pressekontakt er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no.
Veke 38
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 77. generalforsamlinga i FN, UNGA. Generalforsamlinga varer frå måndag 19. september til fredag 23. september. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Akkrediteringsfristen er gått ut.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.