Statsministerens program veke 37
Pressemelding | Dato: 08.09.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 9. september
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Trondheim, Malvik, Moss, Sarpsborg og Fredrikstad.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Søndag 10. september
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Oslo og Lillestrøm.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Måndag 11. september
Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre kjem til Uranienborg skole for å røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet 2023. Me ber presse som ønskjer å vere til stades om å melda seg på til ksg@smk.dep.no innan søndag 10. september kl. 18.00. Presse kan filme og fotografere på angitte plassar i vallokalet. Intervju med statsministeren vil bli gjort utanfor Uranienborg skole.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
På kvelden er statsministeren til stades på Arbeidarpartiets valvake i Folkets Hus på Youngstorget. Dørene opnar for pressa kl. 18.30. Presse som ønskjer å delta må akkreditera seg her.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Tysdag 12. september
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Torsdag 14. september
Kl. 08.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter presidenten i Verdensbanken, Ajay Banga, på Statsministerens kontor.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Roger Holmsen, telefon 97 11 28 45, e-post rh@smk.dep.no.
Laurdag 16. september
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Global Progress Summit i Montreal i Canada.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Søndag 17. og måndag 18. september
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Minnesota, der han mellom anna vil møte soldatar i Camp Ripley og tilsette og studentar ved St.Olafs College.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Veke 38
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 78. generalforsamlinga i FN, UNGA. Høgnivåveka varer frå måndag 18. september til fredag 22. september.
Frå regjeringa deltek også utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Fristen for annan akkreditering er gått ut. Mediafolk som har gyldig akkreditering frå før, vil få tilgang til FNs område.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.