Statsministerens program veke 37
Pressemelding | Dato: 06.09.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 7. september
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar Mortensrudfestivalen på Mortensrud i Oslo.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Måndag 9. – onsdag 11. september
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Kina for å ha politiske møter. Han vil også møte norsk og kinesisk næringsliv i Beijing og Shanghai saman med ein næringslivsdelegasjon frå Noreg. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Fredag 13. september
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Dyrsku’n i Seljord om lag kl. 14.00. Statsministeren held opningstalen på hovudscenen om lag kl. 16.00, og deltek i ei prisutdeling.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Veke 39
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 79. generalforsamlinga i FN i New York. Høgnivåveka varer frå måndag 23. september til fredag 27. september.
Frå regjeringa deltek også utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og konstituert klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Fristen for akkreditering er gått ut.
Pressekontakt er for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.
Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mariken Bruusgaard Harbitz, telefon 99 09 35 38, e-post mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonssjef Martine Røiseland, telefon 97 05 50 24, e-post martine.roiseland@kld.dep.no.