Statsministerens program veke 38
Pressemelding | Dato: 16.09.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 19. september
Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkjer den amerikanske marines 2. flåte (US Navy 2nd Fleet) og NATOs operative kommando (Joint Force Command) i Norfolk i USA. Dei vil også møte soldatar om bord på hangarskipet Gerald R. Ford.
Statsminister Jonas Gahr Støre har møte med demokratane sin leiar i Representantanes Hus, Speaker Nancy Pelosi, og republikanarane sin minoritetsleiar i Senatet, Mitch McConnell.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Tysdag 20. september til torsdag 22. september
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 77. generalforsamlinga i FN, UNGA. Generalforsamlinga varer frå måndag 19. september til fredag 23. september. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Akkrediteringsfristen er gått ut.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.