Statsministerens program veke 38

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 16. september
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Global Progress Summit i Montreal i Canada.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Søndag 17. og måndag 18. september
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Minnesota, der han mellom anna vil møte soldatar i Camp Ripley og tilsette og studentar ved St. Olafs College.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Måndag 18. – torsdag 21. september
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 78. generalforsamlinga i FN, UNGA. Høgnivåveka varer frå måndag 18. september til fredag 22. september.

Frå regjeringa deltek også utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Fristen for akkreditering er gått ut. Pressefolk som har gyldig akkreditering frå før, vil få tilgang til FNs område.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Veke 39

Måndag 25. september
Kl. 08.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter generalsekretær i Røde Kors i Ukraina, Makym Dotsenko. Adresse: Hausmannsgate 7, Oslo.

Statsministeren og generalsekretæren vil vere tilgjengelege for pressa kl. 09.00.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, ksg@smk.dep.no.