Statsministerens program veke 38

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 16. september

Kl. 09.15: Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl inviterer til et pressetreff om kriminalitet. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Tysdag 17. september

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Arbeidarpartiet sitt landsstyremøte. Stad: Samfunnssalen. Presse som ønskjer å delta må melde seg på hos Arbeidarpartiet.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Onsdag 18. september

Kl. 12.45: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar Hellesylt Hydrogen Hub, eit produksjonsanlegg for grønt hydrogen i Hellesylt i Stranda kommune, og får ei omvising på fabrikken. Adresse: Hellesylt ferjekai og Norwegian Hydrogen Hellesylt, Bygda 13. Påmelding til Norwegian Hydrogen ved Helene Istad Paulsberg: helene@nh2.no

Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 17.15: Statsministeren held innlegg på eit ope møte i regi av Møre og Romsdal Arbeidarparti. Tema er omstillinga i norsk økonomi og utfordringane vi må løyse med auka behov for arbeidskraft, meir produksjon av fornybar energi og ein ny sikkerheitspolitisk situasjon. Adresse: Pir Cowork, Keiser Wilhelmsgate 22, Ålesund.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Torsdag 19. september

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av Handelskonferansen til Virke i NOVA Spektrum på Lillestrøm. Adresse: Messeveien 6.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.

Laurdag 21. september

Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på landsmøtet til Handel og Kontor. Adresse: Oslo Kongressenter, Youngs gate 21.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Veke 39

Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 79. generalforsamlinga i FN i New York. Høgnivåveka varer frå søndag 22. september til måndag 30. september.

Frå regjeringa deltek også utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og konstituert klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mariken Bruusgaard Harbitz, telefon 99 09 35 38, e-post mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no.

Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonssjef Martine Røiseland, telefon 97 05 50 24, e-post martine.roiseland@kld.dep.no.