Statsministerens program veke 39

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 21. september

Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på landsmøtet til Handel og Kontor. Adresse: Oslo Kongressenter, Youngs gate 21.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Søndag 22. – onsdag 25. september

Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 79. generalforsamlinga i FN i New York. Høgnivåveka varer frå søndag 22. september til måndag 30. september.

Frå regjeringa deltek også utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og konstituert klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Pressekontakt er for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mariken Bruusgaard Harbitz, telefon 99 09 35 38, e-post mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no.

Torsdag 26. september

Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Trondheim og legg fram regjeringas digitaliseringsstrategi i lag med digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Adresse: Studentersamfundet i Trondheim (nybygget). Skala-salen, Elgeseter gate 1, inngang frå Høgskoleveien. Sjå invitasjon for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.