Statsministerens program veke 4

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 20. januar

Kl. 13.00: I samband med at Sandra Borch i går varsla at ho ynskjer å gå av som forskings- og høgare utdanningsminister, held statsminister Jonas Gahr Støre ei kort innleiing og svarer på spørsmål frå pressa laurdag 20. januar kl. 13.00 i regjeringas representasjonsanlegg i Riddervolds gate 2.

Oppmøte seinast kl. 12.30, ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontaktar er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og konst. kommunikasjonssjef Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på regjeringa.no. Der kan også videofila lastes ned i etterkant. Media som ønskjer å sende pressekonferansen direkte kan kontakte DSS for publiseringspunkt på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Kl. 15.15: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades under ishockeykampen mellom Vålerenga og Storhamar på Jordal amfi.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Tysdag 23. januar

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av Arctic Entrepreneur 2024-konferansen til Maskinentreprenørenes Forbund. Han møter også to lærlingar og entreprenør Lars Hæhre. Tema: Rekruttering av fagarbeidarar. Stad: Clarion Hotel & Congress Oslo Airport, Hans Gaarders vei 15, Gardermoen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Onsdag 24. januar

Kl. 11.45: Statsministeren taler på Agenda Innlandet i Elverum. Stad: Terningen Arena, Hamarvegen 112.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 12.35.

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Frydenlund skole i Elverum. Tema for besøket er skjermbruk og lesing. Stad: Frydenlundvegen 8.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.