Statsministerens program veke 4
Pressemelding | Dato: 17.01.2025 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 20. og tysdag 21. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Arbeidarpartiet sin sentralstyresamling på Leangkollen.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Tysdag 21. januar
Kl. 13.25: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning. Sjå eiga pressemelding frå Kunnskapsdepartementet for fleire detaljar. Adresse: Stortingsgata kurs- og konferansesenter, Stortingsgata 20.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Kl. 15.00: Statsministeren taler på Fagforbundet og NTL sin konferanse om svart økonomi. Konferansen går føre seg på Folkets hus i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.