Statsministerens program veke 40

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 1. oktober
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer tilsette på Sleipner-plattforma i Nordsjøen. Bakgrunnen for besøket er gasslekkasjane i Østersjøen.

Grunna avgrensa plassar på helikopteret ut til plattforma vil det settast opp ein mediepool med NRK, TV2, NTB og E24.

Pressekontaktar er statssekretær Kjetil Vevle, telefon 48 40 85 98, e-post kve@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.

Måndag 3. oktober
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved opninga av det 167. storting.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet. Stad: Partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Tysdag 4. oktober og onsdag 5. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er til stades i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Torsdag 6. oktober
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på det fyrste møtet i «The European Political Community» i Praha. Hit kjem regjeringssjefar frå ei rekke europeiske land, både i og utanfor EU, for å diskutere utfordringane Europa møter som følgje av krigen i Ukraina.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Fredag 7. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2023.

Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.30.

Etter møtet, om lag kl. 10.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 6. oktober kl. 14.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 10.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.

Veke 41

Måndag 10. oktober
Finlands president Sauli Niinistö er på offisielt besøk i Noreg.

Kl. 10.00: President Niinistö og statsminister Støre deltek på eit utanriksseminar på Litteraturhuset i regi av Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI).

Kl. 16.30: Presidenten og statsministeren har politiske samtalar i statsministerbustaden. Det vert fotopool ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 16.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Om lag kl. 17.30: Pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2. Oppmøte ved inngangen seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.