Statsministerens program veke 41

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. oktober
Kl. 10.00: Finlands president Sauli Niinistö er på offisielt besøk i Noreg. President Niinistö og statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit utanriksseminar på Litteraturhuset i regi av Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI).

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl. 11.15: Statsministeren taler på regjeringa sin nasjonale integreringskonferanse. Fleire detaljar om konferansen i eiga nettsak. Stad: Scandic St. Olavsplass i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Kl. 16.30: President Niinistö og statsminister Støre har politiske samtalar i statsministerbustaden. Det vert fotopool ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 16.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Om lag kl. 17.30: Pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2. Oppmøte ved inngangen seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Onsdag 12. oktober
Kl. 11.45: Statsministeren møter Færøyene sin lagmann Bárður á Steig Nielsen til samtale i statsministerbustaden.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Torsdag 13. oktober
Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Bodø.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer Widerøe. Under overskrifta «Grøn luftfart» vil Widerøe skildre korleis dei omstiller seg for å nå målet om å bli eit av dei første flyselskapa i verda som blir tilnærma utslippsfrie. Stad: Hovudinngangen, Langstranda 6.

Merk: Presse må akkreditera seg seinast onsdag 12. oktober kl. 13.00 til e-post kommunikasjonsavdeling@wideroe.no.

Kl. 11.45: Statsministeren besøkjer Karrieresenteret i Bodø, der han får ei orientering om Prosjekt fullført, og har samtale med unge under 30 år som deltek i prosjektet om vidaregåande opplæring. Stad: Jernbaneveien 69.

Kl. 13.30: Statsministeren held ei gjesteforelesing om den sikkerheitspolitiske situasjonen, og deltek i ein panelsamtale på Nord universitet i Bodø. Stad: Universitetsalléen 11.

Kl. 16.15: Statsministeren besøkjer Bodø Idrettsråd i Nordlandshallen. Tema for besøket er idrettsrådets tilbod om aktivitetsguide, og Støre får møte ein familie som har hatt nytte av tilbodet. Stad: Plassmyrveien.

Kl. 18.25: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Bodø/Glimt og Arsenal på Aspmyra stadion.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.

Fredag 14. oktober
Kl. 12.00: Statsministeren taler til AUFs landsmøte. Stad: Samfunnssalen, Arbeidersamfunnets plass 1. Påmelding.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Kl. 16.35: Statsministeren deltek på eit internasjonal symposium om global helse i Fanehallen på Akershus festning. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no