Statsministerens program veke 41

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 7. oktober

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stortinget, i samband med at finansminister Trygve Slagsvold Vedum legg fram forslag til statsbudsjett for 2025. Statsministeren er tilgjengelig for presse i Vandrehallen om lag kl. 11.30.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Kl. 13.30: Statsministeren møter Hans Høyhet Sheikh Khaled bin Mohammed bin Zayed Al Nahyan, kronprinsen av Abu Dhabi, til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Kronprinsen er på offisielt besøk til Noreg 6. - 7. oktober.

Det vil vere mogleg for akkrediterte fotografar å arbeide ved starten av møtet. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan måndag 7. oktober kl. 10.00. Oppmøte for akkrediterte fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.00.

Etter møtet, om lag kl. 15.20, vil statsministeren vere tilgjengeleg for kommentarar. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan måndag 7. oktober kl. 10.00. Oppmøte for akkrediterte journalistar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.50.

Sjå eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet for fleire detaljar om statsbesøket.

Pressekontakt her kommunikasjonsrådgiver Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på ei minnemarkering på eittårsdagen for terrorangrepet mot Israel 7. oktober 2023. Arrangementet er i regi av Det Mosaiske Trossamfund. Adresse: Synagogen i Oslo, Bergstien 13.

Påmelding til Det Mosaiske Trossamfund innan 6. oktober via pressekontakt Håvard Kleppa, telefon 90 67 76 20 eller e-post kleppa@dmt.oslo.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum 46 81 98 12, epost mlf@smk.dep.no.

Tysdag 8. oktober

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2025.

Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30.

Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag kl. 09.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Onsdag 9. oktober

Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på digitalt sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Torsdag 10. og fredag 11. oktober

Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Nordland og besøkjer mellom anna Svolvær, Sortland og Bodø. Ta kontakt med pressekontaktane for nærare informasjon om programmet.

Pressekontaktar kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.

Laurdag 12. oktober

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit internasjonalt toppmøte i Ukraine Defence Contact Group på den amerikanske flybasen Ramstein i Tyskland. President Joe Biden er vert for møtet, som handlar om støtte til Ukraina.

Det er avgrensa med plassar til pressefolk frå kvart land. Vi ber om at interesserte gir beskjed til kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse innan måndag 7. oktober kl. 10.00, e-post ahj@smk.dep.no, telefon 99 21 46 10.