Statsministerens program veke 42

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 18. oktober

Kl. 10.00: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av besøkssenteret til Northern Lights i Øygarden. Opninga er ein viktig milepæl for utviklinga av CO2-transport og -lagring.

Media som ynskjer å dekkje dette besøket må akkreditere seg til: media@norlights.com innan måndag 17. oktober. Dersom media har spørsmål om besøket, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ingrid Vervik Salte i Northern Lights, telefon: 917 55 228.

Adresse: Ljøsøyvegen 97, 5337 Rong.

Kl. 13.30: Statsministeren deltek på opninga av det nye Vardesenteret ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Adresse: Ibsensgate 118, Bergen.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Onsdag 19. oktober

Kl. 09.45: Statsministeren deltek i eit arrangement i regi av Universitetet i Oslo og Tankesmien Agenda i Universitetets aula i Oslo. Sjå fleire detaljar på nettsida til UiO.

Kl. 11.00: Statsministeren taler og deltek i debatt på landsmøtet til Fagforbundet i Folkets Hus i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Veke 44

Måndag 31. oktober-tysdag 1. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Nordisk råds sesjon i Helsingfors.

Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i år. I tillegg til statsministeren vil også utanriksministeren, utviklingsministeren, som også er nordisk samarbeidsminister, klima- og miljøministeren, forsvarsministeren, samferdselsministeren, helse- og omsorgsministeren, kultur- og likestillingsministeren, samt næringsministeren vere til stades under Nordisk råds sesjon i Helsingfors, som varer frå 31. oktober til 3. november.

Journalistar som vil følgje dette kan akkreditere seg her. Merk at fristen er 28. oktober kl. 14.00.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.