Statsministerens program veke 42
Pressemelding | Dato: 16.10.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 16. oktober
Statsminister Jonas Gahr Støre varslar endringar i regjeringa. Sjå eiga pressemelding for detaljar.
Kl. 15.15: Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og forsvarsminister Bjørn Arild Gram møter dei parlamentariske leiarane på Stortinget. Tema for møtet er den nye langtidsplanen for Forsvaret.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på debatt om Ukraina og sikkerheitssituasjonen på Litteraturhuset i Oslo. Adresse: Wergelandsveien 29.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.