Statsministerens program veke 42

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 14. oktober

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Arbeidarpartiets gruppeseminar på Sørmarka.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Tysdag 15. oktober

Kl. 20.00: Finlands president Alexander Stubb er på offisielt besøk til Noreg. Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet i samband med statsbesøket.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar om presidentbesøket.

Onsdag 16. oktober

Kl. 10.15: Statsminister Jonas Gahr Støre har bilateralt møte med Finlands president Alexander Stubb i statsministerbustaden.

Ein fotopool beståande av NTB og NRK kan fotografere ved starten av møtet. Poolfotografar må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.45.

Etter møtet, om lag kl. 11.15, har presidenten og statsministeren felles pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan onsdag 16. oktober kl. 08.00. Akkrediterte journalistar må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.45. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Kl. 12.00: Statsministeren er vert for regjeringa sin lunsj for Finlands presidentpar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien. Kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit er også til stades.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Ein fotopool beståande av NTB og NRK kan fotografera ved starten av lunsjen. Poolfotografar må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar om presidentbesøket.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek på eit ope møte i regi av Grünerløkka Arbeidarparti.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Torsdag 17. oktober

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av det nye Radiumhospitalet saman med helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. Adresse: Ullernchausseen 70, Oslo.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Laurdag 19. oktober

Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på AUF sitt landsmøte. Adresse: Samfunnssalen, Arbeidersamfunnets Plass 1, Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.