Statsministerens program veke 43

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 19. oktober

Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på AUF sitt landsmøte. Adresse: Samfunnssalen, Arbeidersamfunnets Plass 1, Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Måndag 21. oktober

Kl. 09.45: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Haugaland vidaregåande skule i Haugesund der han får ei orientering frå skulen, politiet og konfliktrådet om arbeidet med å førebyggje kriminalitet, rus og utanforskap blant unge. Adresse: Spannavegen 38, Haugesund.

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Saurdal pumpekraftverk etter ei helikoptersynfaring av Nord-Europas største vasskraftanlegg Ulla-Førre, saman med konsernsjef i Statkraft, Birgitte Ringstad Vartdal.

Presse som ønskjer delta på omvisinga kan møte på Saurdal pumpekraftverk kl. 12.30. Send påmelding til pressekontakt i Statkraft, Knut Fjeringstad, på 90 18 63 10 eller knut.fjerdingstad@statkraft.com  innan kl. 10.00 måndag. Adresse: Saurdal kraftverk, Suldalsosen.

Presse som ønskjer foto frå helikoptersynfaringa kan ta kontakt med Andreas Bondevik på telefon 40 23 24 54 eller e-post ab@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun deltek på eit folkemøte i regi av Stavanger Aftenblad om aktuelle politiske spørsmål for Rogaland og Noreg. Møtet er gratis og ope for alle. Adresse: Blåveis cafe, Søregata 22, Stavanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Tysdag 22. oktober

Kl. 10.15: Statsminister Jonas Gahr Støre møter og får presentert produkta frå tre gründerbedrifter i Rogaland. Møtet finn stad på FOMO, eit co-workingspace på Forus i Sandnes. Arrangør er Innovasjon Noreg Rogaland. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa i samband med besøket. Adresse: Grenseveien 21, Sandnes.

Kl. 12.40: Statsministeren besøkjer bedrifta Attende, der heile staben er tilsett gjennom NAV på varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA). Adresse: Forusskogen 9, Stavanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Kl. 16.30: Statsministeren deltek på YS-konferansen 2024. Adresse: Helsfyr Scandic Hotel, Innspurten 7, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Onsdag 23. oktober

Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Akademikerne sin haustkonferanse på Nasjonalmuseet. Adresse: Brynjulf Bulls plass 3, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Torsdag 24. oktober

Kl. 08.40: Statsminister Jonas Gahr Støre får ei omvising og taler på Zero-konferansen 2024. Adresse: Clarion Hotel The Hub. Adresse: Biskop Gunnerus gate 3, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 20.00: Statsministeren og fleire statsrådar deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane på Slottet.

Fredag 25. oktober

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre har arbeidslunsj med Latvias statsminister Evika Silina i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vil vere mogleg for fotografar å arbeide ved starten av møtet. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan fredag 25. oktober kl. 10.00. Oppmøte for akkrediterte fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30.

Dei to statsministrane vil vere tilgjengeleg for presse etter møtet, om lag kl. 14.00. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan fredag 25. oktober kl. 10. Akkrediterte journalistar må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Veke 44

Måndag 28. og tysdag 29. oktober

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Nordisk råd sin 76. sesjon i Reykjavik. Han har og eit eiga møte med dei nordiske statsministrane.

Sjå nettsida til Nordisk råd for fleire detaljar. Fristen for presseakkreditering er 25. oktober.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona S. Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Veke 45

Torsdag 7. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Budapest i Ungarn. Presse som ønskjer å dekkje møtet må følgje med på informasjon om akkreditering når nettsida opnar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Veke 47

Måndag 18. og tysdag 19. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på G20-toppmøtet i Rio de Janeiro i Brasil. Fleire detaljer om møtet blir offentleggjort seinare.

Media må akkreditere seg her innan 2. november.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.