Statsministerens program veke 44

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 31. oktober - tysdag 1. november
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Nordisk råds sesjon i Helsingfors.

Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i år. I tillegg til statsministeren vil også utanriksministeren, utviklingsministeren, som også er nordisk samarbeidsminister, klima- og miljøministeren, forsvarsministeren, samferdselsministeren, helse- og omsorgsministeren, kultur- og likestillingsministeren, samt næringsministeren vere til stades under Nordisk råds sesjon i Helsingfors, som varer frå 31. oktober til 3. november.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Søndag 6. – tysdag 8. november
Statsministeren deltek på klimatoppmøtet (COP27) i Sharm el-Sheik i Egypt. Fristen for akkreditering er gått ut. Eit medieprogram vil bli sendt ut til alle akkrediterte journalistar.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.