Statsministerens program veke 46
Pressemelding | Dato: 11.11.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 13. november
Kl. 14.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.
Tysdag 14. november
Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Innlandet.
Kl. 09.30: Statsministeren besøkjer Høgskolen Innlandet, der han mellom anna skal tale til studentar og tilsette om Noreg i 2030. Adresse: Holsetgata 31, Hamar.
Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer Mapei AS. Temaet for besøket er korleis Mapei, gjennom forsking og utvikling, skal bidra til å kutte utslepp knytt til sement og betong.
Presse som ønskjer å delta må melde seg på til lars@klosser.no innan måndag 13. november kl. 15.00. Adresse: Vallsetvegen 6, Sagstu.
Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Elkjøps reparasjonsverkstad på Kongsvinger. Administrerande direktør i Virke, Bernt Apeland, deltek også på besøket. Tema er sirkulær omstilling.
Presse som ønskjer å delta må melde seg på til kristian.willanger@elkjop.no innan måndag 13. november kl. 16.00. Adresse: Industriveien 53, Kongsvinger.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Onsdag 15. november
Kl. 11.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på landsmøtet til Fellesorganisasjonen på Oslo Kongressenter.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Kl. 16.00: Statsministeren er på valkamp i Moss.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.
Fredag 17. november
Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler og deltek på utdelinga av ein innovasjonspris i samband med markeringa av 30-jubileet til Noregs forskingsråd. Adresse: Vippa, Akershusstranda 25, Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.
Veke 47
Fredag 24. november
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Tallinn, der han skal ha møte med Estlands statsminister Kaja Kallas med påfølgjande pressekonferanse.
Statsministeren skal delta i eit rundebord om havvind med deltaking frå både estisk og norsk side, og han skal besøke CR14 cyber range som er ein øvingsbane og kompetansemiljø for cybersikkerheit og -forsvar. Denne blei etablert som både ein nasjonal kapasitet for estisk cyberforsvar (Estonia Cyber Range) og ein NATO-kapasitet (NATO Cyber Range).
Presse som ynskjer å dekkje statsministerens besøk til Tallinn må akkreditere seg til: ano@smk.dep.no innan torsdag 16. november.
Presserådgivar for statsministeren er Anne Nordskog, telefon, 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.