Statsministerens program veke 47
Pressemelding | Dato: 18.11.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 19. november
Kl. 18.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på NISO-awards 2022 og deler ut pris. Stad: Thon Hotel Storo, Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Måndag 21. november
Kl. 18.00: Statsministeren besøkjer hangarskipet HMS Queen Elizabeth der han mellom anna møter mannskap om bord. Hangarskipet, som leiar Storbritannias Carrier Strike Group, har vore ein del av øvinga Operation Achillean i Nord-Atlanteren saman med andre NATO- og Joint Expeditionary Force (JEF) medlemsland. Sjå fleire detaljar i pressemelding frå Forsvaret.
Presse kan vera med på slutten av besøket, og me ber presse som ynskjer å vera til stades om å møte opp seinast kl. 18.10. Det er avgrensa med plassar for pressa, difor kan pressepool bli aktuelt. Presse som ynskjer intervju med statsministeren på hangarskipet må akkreditere seg til kommunikasjonsrådgivar Torjus Roberg, telefon 98 26 00 03, e-post Torjus.Roberg@fcdo.gov.uk før måndag kl. 12.00.
Stad: Søndre Akershuskai.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Tysdag 22. november
Statsministeren besøkjer Sunnfjord kommune.
Kl. 10.15: Statsministeren deltek på opninga av Jølstra Kraftverk. Adresse: Firdavegen, Førde.
Kl. 11.40: Statsministeren besøkjer BUP i Førde der han mellom anna skal møte tilsette og brukarar av tilbodet. Adresse: Svanehaugvegen 2.
Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer bedrifta SumTrans som bistår Sunnfjord Miljøverk med innsamling av avfall. Her får han mellom anna møte tilsette som har kome i arbeid gjennom eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Vest. Adresse: Flovegen 12, Førde.
Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer BUA Sunnfjord – ein sentral der ein kan låne utstyr gratis. Her skal han møte flyktningar frå Ukraina og ein tilsett ved ein ungdomsskule som er brukarar av ordninga. Adresse: Prestebøen 8, Førde.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Onsdag 23. november
Kl. 14.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Kartellkonferansen 2022 til LO Stat på Gol.
Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Torsdag 24. november
12.00: Statsministeren deltek i gravferda til Toralv Maurstad i Oslo Domkirke.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på ei minnemarkering for at det er 80 år sidan deportasjonene av jødar frå Noreg under andre verdskrig. Minnemarkeringa til HL-senteret, Det Mosaiske Trossamfund, Det Jødiske Samfunn i Trondheim og Jødisk Museum i Oslo går føre seg i Oslo rådhus.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.
Spørsmål kring arrangementet kan rettast til kommunikasjonsansvarleg Ingeborg Katarina Vea på HL-senteret, telefon 93 05 48 08, e-post i.k.vea@hlsenteret.no.
Onsdag 30. november
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Berlin for å delta på Berlin Security Conference, samt å møte Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz. Støre skal også ha ein arbeidsmiddag med forbundskanslaren og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg.
Endeleg oversikt over pressetilgjenge og presseprogram er under utarbeiding. Presse som ønskjer å akkreditere seg for besøket og konferansen kan melde seg på til rvi@smk.dep.no innan 24. november kl. 12.00.
Pressekontaktar er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.