Statsministerens program veke 47
Pressemelding | Dato: 17.11.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Onsdag 22. november
Kl. 12.45: Statsminister Jonas Gahr Støre møter mjølkebonde Oskar Renslo i Nesbyen. Renslo vart hardt ramma av flaumen og mista mykje av avlingane. Adresse: Espesetvegen 295.
Pressekontaktar er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Kl. 14.15: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Kartellkonferansen 2022 til LO Stat på Gol.
Kl. 18.15: Statsministeren deltek på medlemsmøte i Arbeidarpartiet på rådhuset i Gol.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.
Torsdag 23. november
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Vietnams visepresident Vo Thi Anh Xuan til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Tema for samtalane er det bilaterale forholdet mellom Noreg og Vietnam, med vekt på samarbeidsmoglegheiter i det grøne skiftet. Situasjonen i Ukraina og i Midtøsten står også på agendaen.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post cp@smk.dep.no.
Fredag 24. november
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Tallinn, der han skal ha møte med Estlands statsminister Kaja Kallas med påfølgjande pressekonferanse.
Statsministeren skal delta i eit rundebord om havvind med deltaking frå både estisk og norsk side, og han skal besøke CR14 cyber range som er ein øvingsbane og kompetansemiljø for cybersikkerheit og -forsvar. Denne blei etablert som både ein nasjonal kapasitet for estisk cyberforsvar (Estonia Cyber Range) og ein NATO-kapasitet (NATO Cyber Range).
Presse som ynskjer å dekkje statsministerens besøk til Tallinn må akkreditere seg til ano@smk.dep.no innan tysdag 21. november.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon, 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.