Statsministerens program veke 47

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 18. og tysdag 19. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på G20-toppmøtet i Rio de Janeiro i Brasil. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Torsdag 21. november

Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre held ei gjesteførelesing om «Noreg i ei ny tid. Folk, kraft og pengar», på Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Drammen. Adresse: Grønland 58.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Veke 48

Onsdag 27. og torsdag 28. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Harpsund i Sverige. Polens statsminister Donald Tusk vil også delta.

Tema for møtet vil vere transatlantiske relasjonar, regional sikkerheit i Østersjøregionen, og langsiktig støtte til Ukraina. Sjå fleire detaljar og informasjon om akkreditering i pressemelding frå Statsrådsberedningen i Sverige. Fristen for akkreditering er 18. november.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.