Statsministerens program veke 48

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 25. november

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av Eierkonferansen 2024. Konferansen vert arrangert av NHO og Norges Rederiforbund. Adresse: Nova Spektrum, Messeveien 6, Lillestrøm.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Tysdag 26. november

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av Haustkonferansen på Det norske teateret i Oslo. Haustkonferansen vert arrangert av Equinor, Energidepartementet og IEA.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 10.00: Statsministeren er på møte med dei parlamentariske leiarane på Stortinget om Noreg si støtte til Ukraina.

Onsdag 27. og torsdag 28. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Harpsund i Sverige. Polens statsminister Donald Tusk vil også delta.

Tema for møtet vil vere transatlantiske relasjonar, regional sikkerheit i Østersjøregionen, og langsiktig støtte til Ukraina. Sjå fleire detaljar og informasjon om akkreditering i pressemelding frå Statsrådsberedningen i Sverige. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Torsdag 28. november

Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery inviterer til mottaking for å markere den norske innsatsen i olympiske- og paralympiske leikar i Paris sommaren 2024. Adresse: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Presse er invitert til å ta bilete og få korte intervju i starten. Oppmøte i Riddervoldsgate 2 seinast 17.15. Ta med pressekort og gyldig legitimasjon (nasjonalt id-kort, førarkort eller pass). Påmelding til kudinfo@kud.dep.no innan onsdag 27. november kl. 14.00. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Fredag 29. november

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på markeringa av FNs internasjonale dag for solidaritet med det palestinske folket. Adresse: Oslo Domkirke.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Søndag 1. desember – måndag 2. desember

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Båtsfjord, Berlevåg og Vadsø i Finnmark. Fleire detaljar om reise vert offentleggjort seinare.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.