Statsministerens program veke 49

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 1. desember – måndag 2. desember

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Berlevåg, Båtsfjord og Vadsø i Finnmark.

Søndag 1. desember

Statsministeren er i Berlevåg der han mellom anna besøkjer fiskemottaket Coast Berlevåg og Berlevåg hydrogenfabrikk. Om ettermiddagen deltek han på tenning av julegrana på torget, og folkekafé på Samfunnshuset.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.

Måndag 2. desember

Statsministeren er i Båtsfjord og Vadsø. I Båtsfjord besøkjer han mellom anna den nye fabrikken til Lerøy Seafood, og har møte med fiskerigruppa i Båtsfjord på Lagunen.

I Vadsø besøkjer statsministeren Coop Vadsø, der tema er inkludering, unge i jobb og ukrainske flyktningar. Han skal også besøkje Mekkeverskstedet, eit aktivitetstilbod til motorinteressert ungdom, og møter også representantar for Vadsø ungdomsråd.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.

Onsdag 4. desember

Kl. 11.45: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i debatt mot Høgres leiar Erna Solberg på Unio-konferansen på Sundvolden Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek på julebordet til Stortingets presselosje. Stad: Oslo Militære Samfund.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Torsdag 5. desember

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stortinget i samband med finansdebatten.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Veke 50

Onsdag 11. desember

Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane Terumi Tanaka, Shigemitsu Tanaka og Toshiyuki Mimaki frå Nihon Hidankyo til samtale i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Sjå eiga pressemelding for detaljar om presseopplegg.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Veke 51

Måndag 16. og tysdag 17. desember

Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Tallinn for å delta på toppmøte i Joint Expeditionary Force (JEF).

Joint Expeditionary Force (JEF) er ein britisk-leia fleirnasjonal hurtigreaksjonsstyrke som består av ti land: Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Norge, Sverige og Storbritannia. JEF skal kunne stille styrkar for å respondere raskt på kriser, og utfylle NATO og europeisk sikkerheit.

Akkrediteringsskjema og fleire detaljar. Fristen for akkreditering er 9. desember.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.