Statsministerens program veke 5
Pressemelding | Nr: 11/22 | Dato: 29.01.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 1. februar
Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Kommunalpolitisk toppmøte, i regi av KS. Stad: The Hub i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.
Kl. 19.00: Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Torsdag 3. februar
Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer Universitet i Tromsø - Norges arktiske universitet, der han mellom anna skal tale om nordområdepolitikken.
Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer Breivang videregående skole i Tromsø, der han skal møte elevar og snakke om deira ønskjer for framtida i nord. Adresse: Dramsveien 199, Tromsø.
Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Tromsø Havn. Temaet er mellom anna det grøne skiftet. Adresse: Samuel Arnesens gate 5.
Kl. 14.45: Statsministeren besøkjer Universitetssykehuset Nord-Norge, der han mellom anna skal sjå korleis dei gjer velferdstenester meir tilgjengelege gjennom digitalisering, og korleis dei deler kunnskap og erfaring med andre lokale sjukehus i nord. Presse kan delta på hovuddelen av besøket. Journalistar som ønskjer å vere med kan akkreditere seg til ksg@smk.dep.no innan onsdag 2. februar kl. 17.00.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Fredag 4. februar
Kl. 12.30: Statsministeren møter EU-landa sine ambassadørar i Noreg.
Kl. 15.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Estlands president Alar Karis i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.30. Ta med pressekort og gyldig ID.
Etter møtet, om lag kl. 15.30, vil presidenten og statsministeren vere tilgjengelege for korte kommentarar. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 15.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no
Søndag 6. februar
Kl. 11.00: Statsministeren held tale under feiringa av Samefolkets dag i Oslo rådhus. Presse som ønskjer å vere til stades i rådhuset, kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Ingvild Åsgård i Oslo kommune, telefon 95 44 47 51, e-post ingvild.asgard@oslobystyre.no. Frist for akkreditering er søndag 6. februar kl. 09.30.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
--
Oppdatert 3. februar 2022 kl. 10.30: Lagt til et arrangement søndag 6. februar