Statsministerens program veke 5
Pressemelding | Dato: 26.01.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 29. januar
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek digitalt på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no
Tysdag 30. og onsdag 31. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Tromsø.
Tysdag 30. januar
Kl. 12.30: Statsministeren taler på ein fagkonferanse om nordområda for journalistar og redaktørar, på Scandic Ishavshotell. Adresse: Fredrik Langes gate 2, Tromsø.
Kl. 14.10: Statsministeren og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna treffer ungdom på ungdomshuset Tvibit i Tromsø sentrum og får ei orientering om aktiviteten på huset og om Tromsø som europeisk ungdomshovudstad. Adresse: Parkgata 27/29, Tromsø.
Pressekontaktar er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Kl. 18.00: Medlemsmøte i Ap med lokallaga i Tromsø, Karlsøy, Balsfjord og Storfjord. Adresse: Partihuset i Vestregata 36
Pressekontakt er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no
Onsdag 31. januar
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deler ut Mohnprisen på konferansen Arctic Frontiers. Adresse: Clarion The Edge, Kaigata 6, Tromsø.
Kl. 09.30: Statsministeren deltek i ei panelsamtale på Arctic Frontiers med tittelen Rethinking Arctic Development.
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på ei beredskapsøving som viser korleis redningstenesta, politiet, helsevesenet, helikoptertenesta og andre aktørar samarbeider under redningsoperasjonar til havs. Adresse: Havneterminalen, Tromsø sentrum.
Pressekontaktar er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Fredag 2. februar
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til framlegging av stortingsmeldinga om Nansen-programmet for Ukraina i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar:
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post marita-isaksen.wangberg@smk.dep.no.
Laurdag 3. februar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Bodø2024 – Europeisk kulturhovudstad.
Kl. 14.00: Statsministeren er til stades på ei mottaking i regi av Bodø kommune og Nordland fylkeskommune på Stormen bibliotek.
Kl. 16.15: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Bodø2024 på Stormen konserthus. Statsministeren taler om lag kl. 16.55.
Kl. 18.30: Statsministeren er til stades på opningsshow i Bodø hamn.
Pressekontaktar er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.