Statsministerens program veke 50
Pressemelding | Dato: 06.12.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 7. desember
Kl. 16.00: Statsministeren er til stades på cupfinalen i fotball mellom Fredrikstad og Molde på Ullevaal Stadion.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Måndag 9. desember
Kl. 10.15: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Egypts president Abdel Fattah Al Sisi, til samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.
Tysdag 10. desember
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.
Om kvelden deltek statsministeren på Nobelbanketten på Grand Hotel.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.
Onsdag 11. desember
Kl. 09.40: Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane Terumi Tanaka, Shigemitsu Tanaka og Toshiyuki Mimaki frå Nihon Hidankyo til samtale i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Sjå eiga pressemelding for detaljar.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Fredag 13. desember
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery presenterer regjeringa sin handlingsplan mot muslimfiendtlighet i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Oppmøte seinast kl. 08.15 Riddervolds gate 2. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.
Veke 51
Måndag 16. og tysdag 17. desember
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Tallinn for å delta på toppmøte i Joint Expeditionary Force (JEF).
Joint Expeditionary Force (JEF) er ein britisk-leia fleirnasjonal hurtigreaksjonsstyrke som består av ti land: Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Norge, Sverige og Storbritannia. JEF skal kunne stille styrkar for å respondere raskt på kriser, og utfylle NATO og europeisk sikkerheit.
Akkrediteringsskjema og fleire detaljar. Fristen for akkreditering er 9. desember.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.