Statsministerens program veke 51
Pressemelding | Dato: 16.12.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 19. desember
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Riga måndag 19. desember for å delta på toppmøte i Joint Expeditionary Force. Hovudtema vil vere støtte til Ukraina og sikkerheita i Østersjøen, Nordsjøen og nordområda. Fristen for akkreditering er gått ut. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Tysdag 20. desember
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg. Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 10.30.
Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan søndag 18. desember.
Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Onsdag 21. desember
Kl. 08.00: Statsministeren er til stades på Årets mørkeste dag – Røde Kors si markering mot einsemd. Stad: Utanfor Nationaltheatret i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.