Statsministerens program veke 51
Pressemelding | Dato: 16.12.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 18. desember
Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på julelunsj på Stortinget.
Tysdag 19. desember
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Oslo. Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 10.30.
Presse som vil vere til stades, må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan søndag 17. desember.
Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.